18.11.06

St Thomas Church, Heigham, Norwich

Um lag 10 menneske moette upp, men dei som kom lika visst det dei hoyerde. For fyrste gong spela eg ein heil konsert utan hjelp; eg hev notane mine i halv storleik, og her i England er det vanlegt med elektriske registerkombinasjonar. Eg var ikkje heilt noegd med Bolero av Lefebure-Wely og Scherzo av Vierne, vart litt sett ut av ein kombinasjon eg mistolka, men eg totte eg spela dei andre verki etter maaten godt.

No er eg i Cambridge og fyrebuder meg paa ny konsert sundagskvelden.

Stay tuned, som dei segjer her.

!!!

About 10 people came, but they seemed to like what they heard. For the first time I played a whole concert with no assistant to help me with registration and page turns. I have my scores in half size, and electric stop actions are common here in England, unlike at home. Having been put off a little by a (correct, but for some reason puzzling) piston setting, I wasn't quite satisfied with the Lefebure-Wely Bolero and the Vierne Scherzo, but I thought I played the other works rather well.

Currently in Cambridge, preparing for the next recital, Sunday night.

15.11.06

På veg til England

No hev trådlaustnetet på Gardermoen svikta meg tvo gonger, so dette innlegget vert stuttare enn fyrste gongen eg skreiv det... I alle fall, eg sit på den staden i Noreg eg likar minst og ventar på eit flyg. Eg skal yver sjøen for å halda konsert i Norwich, Cambridge og London (Bromley). Skal sjå um eg fær skrive noko her etter kvar konsert.

3.11.06

Islamsk feminisme

Muslimske feministar skipar til konferanse i Barcelona

For ein gongs skuld skriv Dagbladet noko vitugt og viktugt på same tid. Les um ei ovring eg trur me kjem til å høyra mykje um i tidi som kjem.

1.11.06

Gildt med data

Den yverskrifti trudde eg aldri eg skulde koma til å skriva, men i dag beint fram kosa eg meg med data.

Odin gav meg eit vink på Målstrid i helgi um at Edgy, den nye utgåva av Ubuntu, GNU/Linux-slaget eg nyttar på iBook'en min, var komi.

Då eg kom heim tok eg stìget frå Dapper med ein gong, og sannelegt var det vorte betre sidan sist. Nyaste GNOME, Firefox 2.0 (som òg finst på nynorsk!), snøggare uppstart og alt ein kann ynskja seg. «Vindaugo» frå «Vetlemjuk» vert for skjemt å rekna mot Ubuntu.

Men soga var ikkje til endes komi. I dag gjorde eg sameleîs med maskinen åt môr og fâr – ut med Dapper og inn med Edgy. Kva fekk eg sjå for fyrste gong på Linux? Ein skjermlesar som verka! Kveikt og blid tenkte eg so at no skulde eg sjå litt nærare på rekneskapsprogrammet GnuCash. Fengslande saker. Etter tvo minuttar visste eg at dette programmet skal eg nytta til rekneskapsuppgåvone mine frametter, og etter tvo timar havde eg lagt inn rekneskapen (ein etter måten svær ein) eg arbeider med um dagen.

Som yverskrifti segjer: dette var gildt!

19.10.06

Globaliseringskonferanse

Eg hev i grunnen nok å hengja fingrane i um dagane, men eg greidde ikkje halda meg undan denne Oslo-helgi. For dei av dykk som ikkje skal dit, gakk inn på www.globalisering.no og sjå kva de gjeng glipp av.

Meir tilrådt lesestoff for heimesitjarar og andre:
steinmeyer.kirkemusikk.net – Rapportar og andre dokument åt orgelsaki i Nidarosdomen; kyrkja den norske på det verste
Målstrid 06 – næste helg, kjem du?
Miljøpartiet Dei Grøne – det einaste partiet som enno hev truverde i miljøpolitikken

11.10.06

Sjukdom og sjukdom

Eg bryggjer på ei krimsjuka; hosten kjem med jamne millomrom og det renn i nasen. Hev teke ei livsstoffpilla og skal leggja meg no, vonar det hjelper, for eg skal spela i tvo gravferder i morgon.

Men um eg hostar litt, er det inkje mot den sjukdomen som jordi er råka av – global uppvarming. No hev eg nett lese gjenom den nyaste boki hans George Monbiot, HEAT: how to stop the planet burning, der han både syner kvifor rike land må kutta klimagassutsleppi sine med 90 %, og korleîs det kann gjerast, med Storbretland som døme. Som det meste frå den kanten er boki sers gjenomtenkt og byggjer, etter kva eg kann sjå, på traust vitskap. Eg rår dykk alle å lesa henne. Elles gleder eg meg til å likna HEAT med det Lågutsleppsutvalet hev kome fram til, når eg fær sett meg inn i rapporten deira.

10.10.06

Vanlege, fatige nordmenn

Stavanger Aftenblad: Styremaktene sender rekningi til vanlege folk

Endelegt nokon som hev skyna det. Det er vanlege folk – me, som bur og arbeider i Noreg – som er grunnlaget for innkomone åt den norske staten. Og då munar det godt når styremaktene dreg til skatteskruva, for det er mange av oss vanlege folk – heile firemillionarsekshundreogførtitusentohundre eller derikring, skal me tru Statistisk sentralbyrå.

For alle oss vanlege folk vert det dyrare å eiga fjernsyn, hava born i barnehage, kaupa mat og køyra bil. Ein skam for landet! Her sym me i olje og gass (flytande, LNG), vår olje og gass, og so skal me måtta gjeva frå oss – til den store og glupske staten – pengar me hev tent på vanlegt arbeid. Styggedom!

Rett nok, vanlege folk i Noreg hev det betre enn vanlege folk i alle andre land på kloten. Men det er ingi orsaking! Det er jo ikkje slik at um me vanlege folk fær det verre fær alle andre det betre. Nei, her fær me ganga fyre og syna dei andre kvar vegen gjeng.

For det ligg eit mål i det fjerne: Fridom.

Fridom, til å kaupa kva ein vil, kvar ein vil, kva tid ein vil, med kva pengar ein vil. Fridom til å eiga, og å nytta det ein eig til å eiga endå meir. Då skulde me endelegt verta lukkelege.