10.10.06

Vanlege, fatige nordmenn

Stavanger Aftenblad: Styremaktene sender rekningi til vanlege folk

Endelegt nokon som hev skyna det. Det er vanlege folk – me, som bur og arbeider i Noreg – som er grunnlaget for innkomone åt den norske staten. Og då munar det godt når styremaktene dreg til skatteskruva, for det er mange av oss vanlege folk – heile firemillionarsekshundreogførtitusentohundre eller derikring, skal me tru Statistisk sentralbyrå.

For alle oss vanlege folk vert det dyrare å eiga fjernsyn, hava born i barnehage, kaupa mat og køyra bil. Ein skam for landet! Her sym me i olje og gass (flytande, LNG), vår olje og gass, og so skal me måtta gjeva frå oss – til den store og glupske staten – pengar me hev tent på vanlegt arbeid. Styggedom!

Rett nok, vanlege folk i Noreg hev det betre enn vanlege folk i alle andre land på kloten. Men det er ingi orsaking! Det er jo ikkje slik at um me vanlege folk fær det verre fær alle andre det betre. Nei, her fær me ganga fyre og syna dei andre kvar vegen gjeng.

For det ligg eit mål i det fjerne: Fridom.

Fridom, til å kaupa kva ein vil, kvar ein vil, kva tid ein vil, med kva pengar ein vil. Fridom til å eiga, og å nytta det ein eig til å eiga endå meir. Då skulde me endelegt verta lukkelege.

1 kommentar:

Målmannen sa...

Det er då visseleg mange gode fyremål som ein sjølv kann velja å nytta pengane sine på - og jamvel få skattefrådrag for det! So kvifor skal staten gjera det for deg? Er det ikkje betre at dei friviljuge organisasjonane fær gåvor frå friviljuge gjevarar som ser at dei gjer godt arbeid enn at dei skal få dei same pengane frå staten etter å ha nytta tid og krefter på å setja i hop medlemslistor og formelt halda liv i sovande lokallag? Det tykkjer i alle fall eg. Då vert helder ikkje pengane skusla burt på det store byråkratiet som må til med dagsens ordningar. Skatt er uppskrytt. Fridom og tru på einskildmennesket er det ikkje.