31.7.07

Framsyn

Skreiv George Orwell i 1948, i 1984 (eller umvendt):

Here were produced rubbishy newspapers containing almost nothing except sport, crime and
astrology, sensational five-cent novelettes, films oozing with sex, and sentimental songs which were composed entirely by mechanical means on a special kind of kaleidoscope known as a versificator.

30.7.07

Milestolpe ved bekken

På side tvo i boki eg um ikkje lenge vil hava lese ut, stend det med ei handskrift som ikkje hev vorte stort vænare å sjå til med åri: Jarle Fagerheim, 2002. No kunde eg hevda at boki eg talar um er so djup og full av utilgjengelege sanningar um livet at eg berre hev orka ein bolk i vika sidan eg fekk henne, men so er det ikkje. Johann Sebastian Bach: The Learned Musician av Christoph Wolff er både djup og full av sanningar, utan at det gjer henne uråd å lesa for den som tek seg tidi til det. Eg hev vondt for å tenkja meg korleis nokon skulde skriva ei betre bok um flogvitet frå Eisenach.

No gleder eg meg til å byrja på Gödel, Escher, Bach av Douglas Hofstadter att; ei anna bok med innskrift J.F/02. Eg hev gjeve upp å lesa henne mange gonger fyrr, rett og slett av di ho er ei bok som krev mykje av lesaren. Skumles gjenom dei vandskelege bolkane, og du kann gjeva upp å skyna det som kjem etter. Men denne gongen skal eg greida det. Berre dei 450 fyrste sidene (av 750) eg kom gjenom i 2005 gav meg mykje, endå eg berre skyna 200 av deim. Kva boki handlar um? Det kann eg ikkje svara på, men er du glad i musikk og/eller bilætkunst og likar å skyna korleis ting heng i hop, råder eg deg til å lesa henne.

Musikktilrådingi for i kveld: Matteuspasjonen av Johann Sebastian Bach. Større kunstverk hev ikkje kome meg for øyra.

27.7.07

Bromley Parish Church

Nokre ord um konserten i England eg aldri fekk skrive um, den i Bromley. Bromley er ein «forstad» til London, um lag so stor som Oslo.

Herlegt er ordet. Alt eg hadde stræva med i Norwich og Cambridge fall på plass i denne konserten. Orgelet var ei einaste stor gleda å spela på. Alt var der det skulde vera. Noko av det beste eg spela, sistesatsen frå settesymfonien av Widor, var det eg hadde øva minst på, men eg flaut på ei bylgja av fullt verk med 32-fot – ikkje det same som å sitja i Kleppskyrja! Duruflé-sicilienne sat som eit skot.

Ei stor uppleving. Takk til alle som lagde til rette for henne.

--

Just a few words about the recital I never got to write about, which I played in Bromley Parish Church in November last year.

Everything I had been struggling with in Norwich and Cambridge fell nicely into place this time. The organ was a pure joy to play. Magnificent! Perhaps my best performance was that of Widor's Final from the sixth symphony. It was the piece I had practised the least, but I surfed a wave of a glorious tutti with a thundering 32 reed in the pedals. Not the same as practising it in my local parish church (II/18 Danish tracker, quite fine, but modest and in an acoustically very dead space).

A great experience, and a wonderful conclusion of my tour. My deepest thanks to all who made it possible.

Ny frisk

Jau, de las rett. Både her på vloggen og i det røynlege livet.

Eg fer austetter næste månad. Frå 13.–24. august skal eg bu i Moss, so skal eg til Klepp og henta flytjelasset som skal til Oslo. Eg hev fenge restplass på universitetet og hybel på Sogn.

Lenkja for i dag: Orgelfestivalen i Trieiningskyrja, Veggata, Ny Jorvik. Livande bilæte og ljod av alle konsertane vert lagde ut på verdsveven. Miljøvenlegt, og ikkje minst gildt, når organistane er millom dei beste i verdi. Eg råder dykk til å sjå alle konsertane, men skal de berre sjå ein, må det vera den Felix Hell spela i gjår. Få i minsto med dykk opningsverket (Preludium og fuge i d-dur av Bach) og dei tvo attpåstykki til slutt (Sine Nomine av Weaver, Schlafes Bruder av Schneider).