15.10.08

Kva gjer du her?

Her kunne eg skrive eit nytt «eg veit eg ikkje hev vore flink til å oppdatera, men eg hev hatt so mykje å gjera, men frametter skal det verta ny fres».

Eg lovar ingen ny fres.

Grunn: Eg hev so mykje å gjera som er uendeleg mykje meir spanande å fylgja med på enn denne bloggen. Om du vil sjå kva eg driv med om dagane, flakk innom www.mdg.no (helst kvar dag). Der kan du til og med melda deg inn i det einaste vituge partiet som veks. Elles kjem eg til å flikka litt på jarle.moo.no, leggja ut konsertprogram og «multimedia» som me sa før.

So pell deg av garde, med mindre du av grunnar eg helst ikkje vil vita om vil snoka i gamle blogginnlegg.

26.3.08

Dagsens blaute

Prästen:
- Idag har det inte kommit en enda till kyrkan! Inte ens organisten, vem ska nu spela idag!
Klockaren:
- MFF mot IFK Göteborg!

(Ur Kalle Anka 12/13 2008.)

23.3.08

Ja, vi gillar the New York Times

En verklig kvalitetstidning är något jag saknar i Sverige. Sannolikt finns en sådan, det är väl bara jag som inte funnit den än. Bra då att vi har nätet och kan läsa alla världens tidningar där.

I dag så vill jag framhäva the New York Times, som är jättebra på många sätt. Skulle ni behöva övertygas, kolla de här artiklerna från påskhelgen, en negativ och en positiv:

Lofty Pledge to Cut Emissions Comes With Caveat in Norway
On Day of Resurrection, a Church Unveils Its New Organ

19.2.08

Nyttar ikkje å koma seg burt

Eg sit og høyrer på svensk radio, P1, nyhendesendingi Ekot. Ikkje so gale i byrjingi, men so skjer det med eitt i øyro. I Noreg er arbeidsløysa lægre enn nokon gong, og aller best er det i Rogaland, og eg høyrer ein kar på kav rogalandsk preika um korleis dei no lyt effektivisera for at voksteren skal halda fram. Jaudå. Når folk no endelegt hev arbeid, må me gjera noko for at dei skal verta arbeidslause att. Alt for utvikling og framgang ...

10.2.08

Vanvit

Vesten må vera klår for å bruka atomvåpen, for å – giss éin gong – stogga spreidingi av masseøydeleggjingsvåpen. Sidan verdi ikkje ser ut til å verta atomvåpenfri med det fyrste, hev me ikkje noko anna val, meiner fem gamle militærpampar, ifylgje The Guardian.

Sant nog. Um slike tankar vinn fram, vert me aldri kvitt atomvåpentrugsmålet.

Pampane er John Shalikashvili (USA), Klaus Naumann (Tyskland), Lord Inge (Storbritannia), Jacques Lanxade (Frankrike) og Henk van den Breemen (Nederland).

Saki var uroande nog, då eg kom til skildringi av sistnemnde. Van den Breemen hev visstnog gjort stor lukka som organist, og spela i Westminster Abbey ...

6.2.08

Islendsk mot græsk

Å lesa islendsk i Göteborg er på mange måtar likt som å lesa græsk på TF (teologisk fakultetet på universitetet i Oslo). Beggje kursi legg vikt på grammatikken, og beggje hev gode lærarar. Gildt. Men no tenkte eg gjeva eit døme på skilnadene.

Her er ein tekst me arbeidde med på TF. Johannesopenberringi, andre bolken:

τω αγγελω της εφεσινης εκκλησιας γραψον ταδε λεγει ο κρατων τους επτα αστερας εν τη δεξια αυτου ο περιπατων εν μεσω των επτα λυχνιων των χρυσων

Skriv til engelen åt kyrkjelyden i Efesos: Dette segjer han som held dei sju stjernone med høgre handi og vandrar imillom dei sju gyldne ljosestakane

Her er frå fjerde bolken i øvingsforteljingi for nybyrjarar i islendsk på universitetet i Göteborg, Litli, græni drekinn av Kristinn Jóhannesson:

Góðan daginn, mamma mín, segir litli, græni drekinn. Ég ætla að leika mér úti í skógi í allan dag. Êg ætla að æfa mig að blása eldi [...]

God dag, mamma mi, segjer den vetle, grøne draken. Eg vil leika ute i skogen i heile dag. Eg vil øva meg på å blåsa eld

31.1.08

Livstecken från Göteborg

Eg freista skriva litevætta um livet i Göteborg, byen eg flutte til for tvo vikor sidan, men fekk det ikkje til. Alt er vel. Grön Ungdom her er "inte så många aktiva", berre 15-20 stykk. I morgon fær eg eigen bustad i byen. I helgi skal eg taka teori- og høyreprøva på musikkhøgskulen i Oslo utan å hava fyrebudt meg stort. Ser fram mot framhaldet.