18.11.06

St Thomas Church, Heigham, Norwich

Um lag 10 menneske moette upp, men dei som kom lika visst det dei hoyerde. For fyrste gong spela eg ein heil konsert utan hjelp; eg hev notane mine i halv storleik, og her i England er det vanlegt med elektriske registerkombinasjonar. Eg var ikkje heilt noegd med Bolero av Lefebure-Wely og Scherzo av Vierne, vart litt sett ut av ein kombinasjon eg mistolka, men eg totte eg spela dei andre verki etter maaten godt.

No er eg i Cambridge og fyrebuder meg paa ny konsert sundagskvelden.

Stay tuned, som dei segjer her.

!!!

About 10 people came, but they seemed to like what they heard. For the first time I played a whole concert with no assistant to help me with registration and page turns. I have my scores in half size, and electric stop actions are common here in England, unlike at home. Having been put off a little by a (correct, but for some reason puzzling) piston setting, I wasn't quite satisfied with the Lefebure-Wely Bolero and the Vierne Scherzo, but I thought I played the other works rather well.

Currently in Cambridge, preparing for the next recital, Sunday night.

15.11.06

På veg til England

No hev trådlaustnetet på Gardermoen svikta meg tvo gonger, so dette innlegget vert stuttare enn fyrste gongen eg skreiv det... I alle fall, eg sit på den staden i Noreg eg likar minst og ventar på eit flyg. Eg skal yver sjøen for å halda konsert i Norwich, Cambridge og London (Bromley). Skal sjå um eg fær skrive noko her etter kvar konsert.

3.11.06

Islamsk feminisme

Muslimske feministar skipar til konferanse i Barcelona

For ein gongs skuld skriv Dagbladet noko vitugt og viktugt på same tid. Les um ei ovring eg trur me kjem til å høyra mykje um i tidi som kjem.

1.11.06

Gildt med data

Den yverskrifti trudde eg aldri eg skulde koma til å skriva, men i dag beint fram kosa eg meg med data.

Odin gav meg eit vink på Målstrid i helgi um at Edgy, den nye utgåva av Ubuntu, GNU/Linux-slaget eg nyttar på iBook'en min, var komi.

Då eg kom heim tok eg stìget frå Dapper med ein gong, og sannelegt var det vorte betre sidan sist. Nyaste GNOME, Firefox 2.0 (som òg finst på nynorsk!), snøggare uppstart og alt ein kann ynskja seg. «Vindaugo» frå «Vetlemjuk» vert for skjemt å rekna mot Ubuntu.

Men soga var ikkje til endes komi. I dag gjorde eg sameleîs med maskinen åt môr og fâr – ut med Dapper og inn med Edgy. Kva fekk eg sjå for fyrste gong på Linux? Ein skjermlesar som verka! Kveikt og blid tenkte eg so at no skulde eg sjå litt nærare på rekneskapsprogrammet GnuCash. Fengslande saker. Etter tvo minuttar visste eg at dette programmet skal eg nytta til rekneskapsuppgåvone mine frametter, og etter tvo timar havde eg lagt inn rekneskapen (ein etter måten svær ein) eg arbeider med um dagen.

Som yverskrifti segjer: dette var gildt!