8.10.06

Domsdagen – ein sanningskommisjon?

Preika i dag handla um korleîs me vinn indre fridom fyrst når me underkastar oss Gud, og um at Gud er Sanning. (Det siste tenkte òg Gandhi, fyrr han bytte um predikat og subjekt og sagde: Sanning er Gud. Godt døme på at «er» ikkje er det same som «=».) Vidare fekk me høyra um Desmond Tutu (som vart 75 år i gjår), som leidde sannings- og forsoningskommisjonen i Sud-Afrika, og dette vart då knytt til det at Gud er Sanning. Ein sannings- og forsoningskommisjon var sanneleg å fylgja Guds og Jesu ord.

Med eitt slog det meg: Kva um domsdagen – som til vanlegt vert sett fram som ei strafferettssak, der den eine parten («dei rettvise») gjeng til himmels, og hin parten (dei ikkje like rettvise) gjeng annanstad – i røyndi vil vera ein sanningskommisjon, den største og mest fullkomne av deim alle? Ein kommisjon kvar og ein av oss skal fram fyre og leggja fram alt det galne me hev gjort? At Gud med dette vil leggja grunnlaget for Gudsriket, der alle lever i fred og forsoning med kvarandre?

Eller me kann sjå på Jesus Kristus som sjølve sannings- og forsoningskommisjonen, med domsdagen som eit etterspel for deim som ikkje tok imot høvet til å fri seg frå syndene sine. Det gjeng vel lettare inn i eitkvart teologiskt byggverk.

Likevel: Eg skulde lika å sjå ein liberalteolog grava fram bibelvers som styd den fyrste tanken.

(Orgelspel i dag: Varden kyrkja, Stavanger. Ofring: Offertoire i ess-dur av Guilmant; nattverd: I, II og III frå Sieben Choralvorspiele av Reger; postludium: Fuga alla Handel av Guilmant)

1 kommentar:

Jon Kristian sa...

Det var fin forklaring av frelsen fra Kristus men å sammenlikne det med sannhets og forsoningskommisjonen!