7.10.06

Norske bøker og ymist anna

Eg må sanna det, at eg ikkje hev lese so mange norske bøker som eg burde – men her kjem ei lista yver deim eg lika best:
  • Aadne E. (Arne) Garborg: Bondestudentar, Mannfolk, Kolbotnbrev, Knudaheibrev, For seint ute, Ei Finneferd, Jesus Messias – at det kunde koma slikt eit flogvit frå Jæren. Ein gong eg fær tid skal eg koma meg gjenom Fred òg. Vænare opning skal ein leita lenge etter:


UTANFOR, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir
lang laag Sandstrand.

Det er sjølve Have. Nordhave breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig Rulling veltande inn or dei vestlege Himlar, drivi av Storstormane fraa Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite Brimhestar fram or Havskodda, so Skumskavlen stend, durande sin djupe Æveheims Orgetone fraa dei ytste Avgrunnar. So støyper det seg mot Strandi og krasar seg sund i kvit Foss, med Dunk og Dýn og lange Brak, døyande burt i døyvt Dunder.


Det meste av Garborg, utanum Jesus Messias, finst på Dokumentasjonsprosjektet åt UIO. Jesus Messias hev dei i hovudbokstova i Stavanger, og elles finst der ei bokmålsumsetjing hjå framtiden-er-din.com.
  • Øyvind Johnsen: Kokainkrigen – god innføring i ein skræmande røyndom.
  • Johan Galtung: Både-og: en innføring i konfliktarbeid – lettlesi, gild og kvardagsnær bok um kva konfliktar er og korleis ein løyser deim på fredelegt vis. Kann i nokon mun segjast å vera ei folkeleg utgåva av Peace by Peaceful Means, som eg umtala i gjår.
  • Albert Schweitzer: Liv og tanker – velskrivi og tankekveikjande livssoga. Finst i bokstovor og tidt hjå Fretex (at folk vil gjera seg av med denne boki skynar eg ikkje, men det er jo gildt for oss som vil lesa).
Og so kom eg i hug ei engelsk bok eg gløymde å nemna i gjår:
  • James Brabazon: Schweitzer: A Biography – skal du lesa éi bok um Schweitzer, les hans eigi Liv og tanker; skal du lesa tvo, les denne òg.
Til sist i kveld, tvo små saker frå verdsveven: The Thief Who Became a Disciple og ein som sannelegt kann spela piano.

Ingen kommentarer: