12.8.07

Flytjeføter

Sekkene er pakka. Det meste ligg att. Toget køyrer i morgon. Millom 13. og 25. august hev eg tilskrift hjå Ruth Haukaas, Tors gate 10, 1511 Moss.

3.8.07

Plukka eple i Hardanger

Um nokre timar set eg meg på den fyrste av mange bussar som skal taka meg til Herand, ei liti grend i Jondal kommune i Hardanger. Der skal eg slå upp teltet og bu den næste vika.

Kva kann det vera å taka seg til i Herand, anna enn å eta frukt, undrar de?

Jau, ikkje so reint lite. Det vidgjetne Hardangersymposiet finn stad der i grannelaget på laurdag og sundag, og vert fylgt upp av den andre kursvika åt Nordisk fredsakademi. Eg skal vera med på alt i hop, og læra um alt frå ­um bøn og positiv målvisualisering er det same til kva ein fredsmeklar gjer når ein av partane i konflikten ikkje vil vera med på meklingi.

Eg gleder meg. Vonar berre på godt ver.

1.8.07

Høg matematikk

Tenk deg ein platespelar. Den beste platespelaren i verdi. Ein platespelar som kann gjeva att alle tenkjelege ljod.

Eller?

Ein platespelar som kann gjeva att alle ljod, kann òg laga ljod av det slaget som vil øydeleggja platespelaren. Når det kjem til stykket, kann han soleis ikkje gjeva att alle tenkjelege ljod.

Kva kann me so gjera?

Finna oss i at det er slik, eller få tak i ein låkare platespelar, som ikkje er i stand til å øydeleggja seg sjølv.


Godord til den som kann segja meg kva motstykke denne vetle flygetanken hev i matematikken. Hint finn de annan stad på denne sida.