1.11.06

Gildt med data

Den yverskrifti trudde eg aldri eg skulde koma til å skriva, men i dag beint fram kosa eg meg med data.

Odin gav meg eit vink på Målstrid i helgi um at Edgy, den nye utgåva av Ubuntu, GNU/Linux-slaget eg nyttar på iBook'en min, var komi.

Då eg kom heim tok eg stìget frå Dapper med ein gong, og sannelegt var det vorte betre sidan sist. Nyaste GNOME, Firefox 2.0 (som òg finst på nynorsk!), snøggare uppstart og alt ein kann ynskja seg. «Vindaugo» frå «Vetlemjuk» vert for skjemt å rekna mot Ubuntu.

Men soga var ikkje til endes komi. I dag gjorde eg sameleîs med maskinen åt môr og fâr – ut med Dapper og inn med Edgy. Kva fekk eg sjå for fyrste gong på Linux? Ein skjermlesar som verka! Kveikt og blid tenkte eg so at no skulde eg sjå litt nærare på rekneskapsprogrammet GnuCash. Fengslande saker. Etter tvo minuttar visste eg at dette programmet skal eg nytta til rekneskapsuppgåvone mine frametter, og etter tvo timar havde eg lagt inn rekneskapen (ein etter måten svær ein) eg arbeider med um dagen.

Som yverskrifti segjer: dette var gildt!

3 kommentarer:

Unknown sa...

Så moro! Eg hev prøvd å bruka GnuCash sjølv, men er ikkje kome so langt med det endå. Eg tenkjer det kann vera noko for pappa, då.

Forresten, Firefox 2.0 hev rettskrivingssjekk, det hadde vore moro om det gjekk an å få han til å sjekka 38-normalen. Den er vel fritt tilgjengeleg på nettet? Det vil likevel vera eit digert arbeid sikkert, men det hadde vore jysla løye om nokon hadde gjort det.

I neste versjon av Ubuntu, Feisty Fawn skal dei prøva å optimalisera endå meir. Spesielt oppstart skal verta endå raskare. Det er mykje som tyder på at GNU/Linux vert ein godt brukande platform frametter. Ingen grunn til å ikkje gå over no for tida! (For dei fleste)

time-timerus sa...

Om du e økonomiansvarlig i GU?

Jarle sa...

MDG.