19.10.06

Globaliseringskonferanse

Eg hev i grunnen nok å hengja fingrane i um dagane, men eg greidde ikkje halda meg undan denne Oslo-helgi. For dei av dykk som ikkje skal dit, gakk inn på www.globalisering.no og sjå kva de gjeng glipp av.

Meir tilrådt lesestoff for heimesitjarar og andre:
steinmeyer.kirkemusikk.net – Rapportar og andre dokument åt orgelsaki i Nidarosdomen; kyrkja den norske på det verste
Målstrid 06 – næste helg, kjem du?
Miljøpartiet Dei Grøne – det einaste partiet som enno hev truverde i miljøpolitikken

4 kommentarer:

Unknown sa...

Så du skal til Oslo på globaliseringskonferansa den helga eg skal til Stavanger. Hehe. Du fær hava det moro, eg trur du vil vera ein god mann på den konferansa. Sikkert ein av dei som verkeleg kan mykje og hev dei ferskaste tankane ;-)

Anonym sa...

Kunne godt tenkja meg å dra på globaliseringkonferansen, men må nok stå over. Eg meiner, dei byrjar på ein torsdag. Kva er greia med det?

Anonym sa...

Heisann Jarlis!

Kjekt å plutseleg treffe deg rundt muren på Grønland. Vonar Globkonfen gjorde susen.

Jarle sa...

Alt som hende på torsdagen var opningsmøtet på kvelden, der tvo av hovudinnleidarane – vassministeren i Bolivia og ei frå Palestina som eg ikkje hugsar kva var – ikkje kunde koma. Gildt å høyra Maude Barlow tala, men mest alt som var verd å høyra på eldes fann stad dei tri andre dagane.