30.7.07

Milestolpe ved bekken

På side tvo i boki eg um ikkje lenge vil hava lese ut, stend det med ei handskrift som ikkje hev vorte stort vænare å sjå til med åri: Jarle Fagerheim, 2002. No kunde eg hevda at boki eg talar um er so djup og full av utilgjengelege sanningar um livet at eg berre hev orka ein bolk i vika sidan eg fekk henne, men so er det ikkje. Johann Sebastian Bach: The Learned Musician av Christoph Wolff er både djup og full av sanningar, utan at det gjer henne uråd å lesa for den som tek seg tidi til det. Eg hev vondt for å tenkja meg korleis nokon skulde skriva ei betre bok um flogvitet frå Eisenach.

No gleder eg meg til å byrja på Gödel, Escher, Bach av Douglas Hofstadter att; ei anna bok med innskrift J.F/02. Eg hev gjeve upp å lesa henne mange gonger fyrr, rett og slett av di ho er ei bok som krev mykje av lesaren. Skumles gjenom dei vandskelege bolkane, og du kann gjeva upp å skyna det som kjem etter. Men denne gongen skal eg greida det. Berre dei 450 fyrste sidene (av 750) eg kom gjenom i 2005 gav meg mykje, endå eg berre skyna 200 av deim. Kva boki handlar um? Det kann eg ikkje svara på, men er du glad i musikk og/eller bilætkunst og likar å skyna korleis ting heng i hop, råder eg deg til å lesa henne.

Musikktilrådingi for i kveld: Matteuspasjonen av Johann Sebastian Bach. Større kunstverk hev ikkje kome meg for øyra.

Ingen kommentarer: