15.10.08

Kva gjer du her?

Her kunne eg skrive eit nytt «eg veit eg ikkje hev vore flink til å oppdatera, men eg hev hatt so mykje å gjera, men frametter skal det verta ny fres».

Eg lovar ingen ny fres.

Grunn: Eg hev so mykje å gjera som er uendeleg mykje meir spanande å fylgja med på enn denne bloggen. Om du vil sjå kva eg driv med om dagane, flakk innom www.mdg.no (helst kvar dag). Der kan du til og med melda deg inn i det einaste vituge partiet som veks. Elles kjem eg til å flikka litt på jarle.moo.no, leggja ut konsertprogram og «multimedia» som me sa før.

So pell deg av garde, med mindre du av grunnar eg helst ikkje vil vita om vil snoka i gamle blogginnlegg.

1 kommentar:

Odin / Velmont sa...

Jeg tenker på miljøet og ønsker primært post elektronisk

Lol! Makan til styring! Vert jo heilt slemt å ikkje trykkja «ja» der.