19.2.08

Nyttar ikkje å koma seg burt

Eg sit og høyrer på svensk radio, P1, nyhendesendingi Ekot. Ikkje so gale i byrjingi, men so skjer det med eitt i øyro. I Noreg er arbeidsløysa lægre enn nokon gong, og aller best er det i Rogaland, og eg høyrer ein kar på kav rogalandsk preika um korleis dei no lyt effektivisera for at voksteren skal halda fram. Jaudå. Når folk no endelegt hev arbeid, må me gjera noko for at dei skal verta arbeidslause att. Alt for utvikling og framgang ...

Ingen kommentarer: