19.10.07

Gleda!

Etter berre tvo månader fekk eg det utrulegt kranglevorne Broadcom-kortet på datamaskinen min til å kopla seg til det trådlause netverket på UiO med Kubuntu. Her er innstillingane, i fall det er fleire som slit:

Encryption: WPA Enterprise
EAP method: TTLS
Phase Two: MSCHAP
Identity: [uio-brukarnamnet]@uio.no
Password: [uio-passordet]
WPA version: WPA 1

English: The above are parameters for connecting to the University of Oslo wireless network using Ubuntu (Kubuntu). Works even with the troublesome Broadcom chips!

7.9.07

Skriv soga på måndag!

Miljøpartiet Dei Grøne ser ut til å gjera det betre enn nokon gong fyrr, med listor i 15 fylke og 14 kommunar, frå Kristiansand til Kåfjord, frå Sveio til Halden. I 2003 fekk me 7 kommunestyrefolk; i år ser me fyre oss tvo, endåtil tri gonger so mange.

For å få til dette, treng me di røyst. Bur du i Rogaland, kann du jamvel røysta på meg! Bur du i Stavanger, lyt du røysta Bymiljølista, der MDG hev fyrste- og tridjekandidaten (og mykje av listefyllet).

http://www.gronne.no
http://rogaland.gronne.no
http://www.vgb.no/23701 (val-vloggen min)
http://www.bymiljolista.no

Lukka til!

4.9.07

Skuleval!

2,8 prosent for MDG i Rogaland; dobbelt so mykje som i 2005, og rett inn på fylkestinget med meg, vore det upp til elevane. Av einskilde skular kann nemnast Forus (20,5 % takk vere Jone) og Lundehaugen (12,3 %, KrF vann med 15,6).

No er det berre å fylgja upp på måndag!

12.8.07

Flytjeføter

Sekkene er pakka. Det meste ligg att. Toget køyrer i morgon. Millom 13. og 25. august hev eg tilskrift hjå Ruth Haukaas, Tors gate 10, 1511 Moss.

3.8.07

Plukka eple i Hardanger

Um nokre timar set eg meg på den fyrste av mange bussar som skal taka meg til Herand, ei liti grend i Jondal kommune i Hardanger. Der skal eg slå upp teltet og bu den næste vika.

Kva kann det vera å taka seg til i Herand, anna enn å eta frukt, undrar de?

Jau, ikkje so reint lite. Det vidgjetne Hardangersymposiet finn stad der i grannelaget på laurdag og sundag, og vert fylgt upp av den andre kursvika åt Nordisk fredsakademi. Eg skal vera med på alt i hop, og læra um alt frå ­um bøn og positiv målvisualisering er det same til kva ein fredsmeklar gjer når ein av partane i konflikten ikkje vil vera med på meklingi.

Eg gleder meg. Vonar berre på godt ver.

1.8.07

Høg matematikk

Tenk deg ein platespelar. Den beste platespelaren i verdi. Ein platespelar som kann gjeva att alle tenkjelege ljod.

Eller?

Ein platespelar som kann gjeva att alle ljod, kann òg laga ljod av det slaget som vil øydeleggja platespelaren. Når det kjem til stykket, kann han soleis ikkje gjeva att alle tenkjelege ljod.

Kva kann me so gjera?

Finna oss i at det er slik, eller få tak i ein låkare platespelar, som ikkje er i stand til å øydeleggja seg sjølv.


Godord til den som kann segja meg kva motstykke denne vetle flygetanken hev i matematikken. Hint finn de annan stad på denne sida.

31.7.07

Framsyn

Skreiv George Orwell i 1948, i 1984 (eller umvendt):

Here were produced rubbishy newspapers containing almost nothing except sport, crime and
astrology, sensational five-cent novelettes, films oozing with sex, and sentimental songs which were composed entirely by mechanical means on a special kind of kaleidoscope known as a versificator.