7.1.07

Les her!

Han Vebjørn Sture hev laga seg ei fager ny sida. So fram til eg idest skriva eitkvart vitugt her, gakk til www.totlevase.net, kos dykk med «oppgulpa», og ver med på «kranglinga»!

14.12.06

Selwyn College, Cambridge

Etter tri dagar med øving, trasking i byen, øving, trasking i byen, og so burtetter, spela eg ein etter måten vellukka konsert um kvelden 19. november. Blestingi var god, med A3-tavlor kringum i midbyen, men endå kom det (hugsar eg rett) berre 12 menneske. Altso: sovori blesting er korkje ei naudsynleg (eg fekk godt med folk i Eikersund i sumar) elder tilstrekkeleg åtgjerd for å trekkja folk. At det i mange fall hjelper er ei onnor sak. Gildt var det at flestalle som kom var ungdomar, både frå Selwyn og andre stader.

Når eg skriv at konserten var «etter måten» vellukka hev det fleire grunnar. Varmen i den vetle kyrkja vart skrudd upp i meste laget, det må hava vore meir enn 25 grader, utan at eg var fyrebudd. Og so gløymde eg å setja vassflaska slik at eg kunde nå henne frå benken. Det vart etter kvart tungt å spela ... Vidare var det eitpar verk eg ikkje totte eg fekk til godt nog under fyrebuingane, og dei gjekk ikkje stort betre under konserten. Like fullt, det var gildt å spela, og folk tottest lika det dei fekk høyra.

Dagen etter eg kom til Cambridge fekk eg bod um at Malcolm Wechsler var avliden. Malcolm, som arbeidde for Mander Organs i Sambandsstatane, var hovuddrivkrafti bak Amerika-ferdi mi i 2004, og han hjelpte mange andre på liknande vis. Konserten min var tileigna minnet hans.

—

After three days of practice, wandering about in town, more practice, more wandering, and so forth, I played a reasonably successful recital in the evening of November 19. The recital had been well announced — there were large posters in the city centre — but still only 12 (if I remember correctly) people showed up. Conclusion: such promotion is neither a necessary (I got a fair audience in Egersund this summer, with very little promotion) nor a sufficient condition for large audience. This is not to deny that it might work very well in many cases. Anyhow, it was good to see that most of those who attended were young people, from Selwyn as well as other colleges.

There are several reasons for me saying the recital was “reasonably” successful. The heating was turned up excessively just before the recital — it must have been more than 25 centigrades — without me being prepared. And then, of course, I forget to place my bottle of water so that I could reach it from the bench. Concentrating gradually became quite challenging ... Then, there were a couple of pieces I wasn't satisfied with during the preparations, and they didn't go much better during the recital. Still, playing was an enjoyable experience, and the audience seemed to like the music.

The day after arriving in Cambridge I got the message that Malcolm Wechsler, the US representative of Mander Organs, had passed away. Malcolm was one of the key persons in my 2004 America adventure, and helped many others in a similar fashion. My recital was dedicated to his memory.

Gud som hakkar

«Skal vi forklare evangeliet for en computernørd kan det være at vi skal bruge nogle lidt andre ord og sammenligninger end vi plejer. Fx beskrive Gud som en hacker, Helligånden som en trojansk hest og Jesus som et antivirus-program.»

Les heile skriftstykket på jesusnet.dk

18.11.06

St Thomas Church, Heigham, Norwich

Um lag 10 menneske moette upp, men dei som kom lika visst det dei hoyerde. For fyrste gong spela eg ein heil konsert utan hjelp; eg hev notane mine i halv storleik, og her i England er det vanlegt med elektriske registerkombinasjonar. Eg var ikkje heilt noegd med Bolero av Lefebure-Wely og Scherzo av Vierne, vart litt sett ut av ein kombinasjon eg mistolka, men eg totte eg spela dei andre verki etter maaten godt.

No er eg i Cambridge og fyrebuder meg paa ny konsert sundagskvelden.

Stay tuned, som dei segjer her.

!!!

About 10 people came, but they seemed to like what they heard. For the first time I played a whole concert with no assistant to help me with registration and page turns. I have my scores in half size, and electric stop actions are common here in England, unlike at home. Having been put off a little by a (correct, but for some reason puzzling) piston setting, I wasn't quite satisfied with the Lefebure-Wely Bolero and the Vierne Scherzo, but I thought I played the other works rather well.

Currently in Cambridge, preparing for the next recital, Sunday night.

15.11.06

På veg til England

No hev trådlaustnetet på Gardermoen svikta meg tvo gonger, so dette innlegget vert stuttare enn fyrste gongen eg skreiv det... I alle fall, eg sit på den staden i Noreg eg likar minst og ventar på eit flyg. Eg skal yver sjøen for å halda konsert i Norwich, Cambridge og London (Bromley). Skal sjå um eg fær skrive noko her etter kvar konsert.

3.11.06

Islamsk feminisme

Muslimske feministar skipar til konferanse i Barcelona

For ein gongs skuld skriv Dagbladet noko vitugt og viktugt på same tid. Les um ei ovring eg trur me kjem til å høyra mykje um i tidi som kjem.

1.11.06

Gildt med data

Den yverskrifti trudde eg aldri eg skulde koma til å skriva, men i dag beint fram kosa eg meg med data.

Odin gav meg eit vink på Målstrid i helgi um at Edgy, den nye utgåva av Ubuntu, GNU/Linux-slaget eg nyttar på iBook'en min, var komi.

Då eg kom heim tok eg stìget frå Dapper med ein gong, og sannelegt var det vorte betre sidan sist. Nyaste GNOME, Firefox 2.0 (som òg finst på nynorsk!), snøggare uppstart og alt ein kann ynskja seg. «Vindaugo» frå «Vetlemjuk» vert for skjemt å rekna mot Ubuntu.

Men soga var ikkje til endes komi. I dag gjorde eg sameleîs med maskinen åt môr og fâr – ut med Dapper og inn med Edgy. Kva fekk eg sjå for fyrste gong på Linux? Ein skjermlesar som verka! Kveikt og blid tenkte eg so at no skulde eg sjå litt nærare på rekneskapsprogrammet GnuCash. Fengslande saker. Etter tvo minuttar visste eg at dette programmet skal eg nytta til rekneskapsuppgåvone mine frametter, og etter tvo timar havde eg lagt inn rekneskapen (ein etter måten svær ein) eg arbeider med um dagen.

Som yverskrifti segjer: dette var gildt!